Tidligere aktivitet

Konsert med Bjørn Tomren - KULTURVEKA

Logo
Arrangeres av:

Bjørn Tomren er ein norsk artist, låtskrivar, vokalist og humorist frå Tomrefjord, kjend for allsidigheita si innan mellom anna jodling, strupesong, viser, americana, jazz og punk.

Han vart først kjend som «Polkabjørn» i duoen Polkabjørn & Kleine Heine, saman med Heine Bugge. Duoen kombinerte jodling, trekkspel og humor, og var mellom anna oppvarmingsartist for a-ha.

Det store nasjonale gjennombrotet kom då han vann NRKs Stjernekamp i 2021. Han er òg bronsevinnar frå VM i strupesong i Tuva i 2017, og har kryssa Noreg på langs fire gonger – til fots, på ski, i kajakk og i robåt.

Tomren har gitt ut fleire soloalbum og er framleis aktiv som artist. Han er ein artist som vanskeleg let seg putte i éin boks – ei blanding av musikar, jodlar, strupesongar, humorist og eventyrar.

Billettpris: 250 kr

Kategori
Experience

Kopier lenke for å dele til Facebook-grupper

October 11, 2026

16:00 — 17:00

Praktisk informasjon

Sted:Valle Kultursenter
Adresse:Harstadvegen 67, 4747 Valle, Norge
Kontaktperson:

Ta gjerne kontakt om du lurer på noe.

Kart